Så vakker du er

Brynjulf Jung Tjønn

kr157.00

1 på lager

SKU: 13496 Kategoriar: ,

Omtale

Det er sommar og alt er annleis. Onkel Simon flyttar inn hjå Henrik og mora. Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold, men no er Simon sjuk, veldig sjuk. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva slags veg det ber, utan at mora seier det rett ut. Henrik fortel Simon at han har kyssa Kjersti, ei jente i klassen, sjølv om han ikkje har det. Han torde ikkje da han hadde sjansen. Snart kjem Kjersti heim frå ferie i Italia, og Henrik lurer på om ho har sakna han.

Så vakker du er er historia om ein gut som blir til ein ung mann, mens ein annan ung mann visnar bort. Det handlar om å gripe dei sjansane livet gir ein – og om at brått ein dag er det ikkje fleire sjansar å gripe. Brynjulf Jung Tjønn skriv i ein knapp og antydande form, men språket dirrar av kjensler.

Vinnar av Brageprisen 2013
Nominert til Kulturdepartementets Litteraturpris 2013

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.135 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Så vakker du er”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *