Samuel Pedersens reisedagbok

Knut Ødegård

kr332.00

6 på lager

SKU: 13432 Kategoriar: ,

Omtale

Årets diktbok er ei samanhengande forteljing med eit frodig biletgalleri og mange avstikkarar i handlinga. Motoren i den lyriske forteljinga er plassert i ein heimekonstruert bubil som pensjonert adjunkt med opprykk Samuel Pedersen har kjøpt på finn.no. Med denne legg han ut på tur med pensionert straumavlesar Inga som han vonar det kan bli eit nært forhold av etter at hans første kjærleik, Olga, omkom då fallskjermen hennar ikkje falda seg ut. Han fører dagbok, der dei faktiske hendingane på bubilturen blandar seg med draumane og tankane hans, som i stigande grad dreier seg om den opprørske paven og pavens hund. I dagboka les vi om ein kallskapellan på moped, ein plagsam gamling som ender sitt liv ved eit skjorereir, ei kroppsøvingslærarinne på studietur til Roma og ein bonde som ligg på sjukehus og blir operert i nasen medan garden blir styrt av ein desperat avløysar frå Litauen. Og medan handling og fabulering rullar fram med bubilens ferd, driv kjærleiken sitt fine spel med dei aldrande to på tur.
Adonis skriv om Knut Ødegårds poetiske språk at «det bølgjer mellom det historiske og det mytiske, eit språk som alltid er  tett bunde til det kroppslege med lyst, lidenskap, begeistring og vare kjensler.»

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.425 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Samuel Pedersens reisedagbok”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *