Sal!

Skikompis (Christer Lundberg Nes)

kr384.00

3 på lager

SKU: 13352 Kategoriar: ,

Omtale

Den nye utgåva kom i oktober 2022 og har fleire nye illustrasjonar og ei rad endringar og oppdateringar, mellom anna i kapitla om snøskredvarselet, redningsutstyr og metodar for kameratredning.

Skikompis er boka som viser deg korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet. Her lærer du å forstå terrenget, snøen og vêret, slik at du unngår farlege situasjonar når du er på randonee /topptur. Boka gir også rettleiing i effektiv kameratredning om uhellet er ute.

Boka Skikompis kom ut første gong i 2013 og forfattar Christer Lundberg Nes fekk Fjellskikkprisen for arbeidet. Boka er nytta som pensum mellom anna i skredkursstigen til Norsk Fjellsportforum, og på ulike friluftsutdanningar på høgskule/universitet.

Skikompis kjem no i heilt ny og revidert utgåve, mellom anna med nye illustrasjonar av Joar Christoffersen. Boka har meir om vêr, snø, skredproblem, og enda fleire råd og praktiske tips etter kor krevjande terrenget er å ferdast i. Fleire nye flytskjema summerer opp og visualiserer vurderingar og ferdselsråd. Boka er oppdatert med informasjon frå skredvarselet på Varsom.no og viser samanheng mellom praktiske kjapptestar og observasjonar i terrenget med skredproblem i frå varselet.

Christer Lundberg Nes (f. 1970) frå Volda er godkjend Tindevegleder (UIAGM/IVBV/IFMGA) og har mange års erfaring som fjellførar i SunAlp Mountain Guides. Han har jobba med føring, kurs og opplæring i norske vinterfjell sidan midten av 1990-talet og har vore NVE observatør i varslingsregion Sunnmøre sidan 2013. Nes har brei erfaring frå organisert redning i Norges Røde Kors Hjelpekorps og har hatt godkjend lavinehund i Norske redningshunder.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.758 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Skikompis (Christer Lundberg Nes)”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *