Soga om Fråid

Mona Høvring

kr349.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 12835 Kategoriar: ,

Omtale

Fabelaktig familieportrett

Tenåringen Fråid styrer huset i Urskogen 13 saman med storebroren Terje Eddipus og veslesøstera Eva, medan skipperfaren Vulgaris er ute på sine seilasar. Men ein dag kjem faren heim med ei stemor til ungane, Demona de Sjavy. Ho rokkar ved familiedynamikken, og alle må forholde seg til hennar labile humør. Men Fråid trivst med dei nye, kaotiske kvardagane. Han er fascinert av det uredde ved stemora, og kjenner samstundes omsorg for henne. Etter ei mislykka deltaking på eit foreldremøte, går Demona i kjellaren, og Fråid får for seg at han skal vere den første til å klare å lokke latteren ut av henne.

Mona Høvring sin eksplosive roman teiknar eit varmt og innsiktsfullt portrett av ein heilt vanleg uvanleg familie. Soga om Fråid handlar om å finne ut av det å vere ein familie, om sakn og draumar, og om fridomen til å kunne vere den ein helst vil vere – og ønsket om å få vere sola til eit anna menneske.

Mona Høvring (f. 1962) debuterte i 1998 med diktsamlinga IIK!! Ein dialog. Bøkene er omsett til mange språk og har mottatt fleire prisar.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.280 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Soga om Fråid”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *