Sal!

Soga om Torstein Vikingsson

kr269.00 kr235.00

Levering 5-10 arbeidsdagar

Omtale

«Soga om Torstein Vikingsson» fortel på fantastisk vis om Viking, bonden frå Sogn, og sonen Torstein. Vikingferda til far og son fører oss frå garden i Sogn, gjennom Noreg, Sverige og heilt til Indialandet. Torstein er far til Fridtjov den frøkne, helten frå ei av dei mest kjende norrøne sogene. I 2013 kom Soga om Fridtjov den frøkne i ny språkdrakt, omsett frå gamalnorsk av Noregs nasjonaldiktar Jon Fosse. Med «Soga om Torstein Vikingsson» tek Fosse no for seg forteljinga om far til Fridtjov den frøkne, Torstein Vikingsson. Den nye omsetjinga vert gitt ut med same eksklusive design som den førre utgivinga, «Soga om Fridtjov den frøkne», som vann SØLV i Årets vakreste bøker 2014. Denne handlingsmetta fornaldersoga frå mellomalderen er underhaldande lesnad med både hærferder, trolldom, kjærleik og hat.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.225 kg
Innbinding

Innbunden

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Soga om Torstein Vikingsson”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *