Sorg og song

Lars Amund Vaage

kr305.00

1 på lager

SKU: 11598 Kategoriar: ,

Omtale

«Eg dveler ved skapingssoga for “Syngja” fordi eg trur ei slik soge kan kasta lys over kva litteratur er. Kastar me lys over kva litteratur er, kan det henda at me ogsÃ¥ ser eitkvart om sjølve sprÃ¥ket. Ikkje minst trur eg soga om boka, forteljinga om forteljinga, kan seia noko om kva forhold me som samfunn har til avvik og dei svake» DÃ¥ romanen «Syngja» kom ut i 2012, vart han møtt med strÃ¥lande meldingar frÃ¥ samstemte kritikarar, og for boka vann Vaage Brageprisen. Men «Syngja» var ogsÃ¥ boka forfattaren ikkje trudde han kunne skriva. Med denne romanen som utgangspunkt drøftar Vaage korleis livsrøynsler kan gjerast om til sprÃ¥k og litteratur, og kva som kan hemma eller drepa slike uttrykk. Hindringane kan verka uoverstigelege nÃ¥r temaet er eit lidande barn. Er det slik at det sprÃ¥klause barnet er omgitt av sprÃ¥k som ikkje kan dekka eller forklara livet hennar? Blir til og med diktaren stum nÃ¥r han lever i det sprÃ¥kleg fattige hjelpeapparatet?
I «Sorg og song» fortel Lars Amund Vaage om korleis det kan opplevast når diktinga vert møtt som vedkjenningslitteratur. Han viser ikkje berre korleis han nærmar seg autismen i tidlegare bøker, men òg korleis det språklause gjeld alle menneske. Ikkje minst skriv han om å skriva: om å gi ord til det ordlause.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.350 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Sorg og song”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *