Sukkerskrubb – Kaffi appelsin

kr210.00

5 på lager

SKU: 12967 Kategori:

Omtale

Dufta av kaffi og appelsin er ein sikker vinnar. Den djupe dufta av finmala økologiske espressobønner saman med frisk og fruktig duft av appelsin og mandarin gjer spakjensla komplett, når du tek denne med deg i badet. Kaffigrut er eit anbefalt og velkjent remedie å nytte som skrubb, då det er proppfullt av gode antioksidantar for huda di og dessutan er sagt å kunne ha god effekt på cellulittar. Kva er det ikkje å like ved det! Appelsin og mandarin eterisk olje har styrkande og samantrekkande eigenskapar på hud, samtidig som dei er milde. Nellik eterisk olje er tilsett for å gje ei djupare og meir forankra krydra duft i tillegg til, at den verkar varmande og stimulerande.

Det er luksus å nytte ein sukkerskrubb. Kanskje er det ein overdriven luksus, fordi er langt frå å vere eit livsnødvendig remedie. Men av og til må ein unne seg det vesle ekstra. Det gode med Blomsten og Bia sine sukkerskrubbar, er at dei ikkje inneheld verken mikroplast, konserveringsmiddel eller vatn. Det dei til gjengjeld inneheld er økologisk sukker, økologiske oljar og urter, og ein emulgator. Emulgatoren gjer at oljane blandar seg med vatnet i badet/dusjen medan du masserer produktet på huda, og det dannar seg rett og slett lotion. Det er jo litt magisk. Dermed vert huda mjuk og god, og ikkje klissete av overskotsolje. Badegolvet vert heller ikkje glatt, då oljerestane vaskar ut med vatnet.

Nettovekt 180 gram.

Produsert av Blomsten og Bia Såpekokeri.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.200 kg

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Sukkerskrubb – Kaffi appelsin”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *