Swanns kjærleik

Marcel Proust

kr262.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 13662 Kategoriar: ,

Omtale

Kvifor gløymde du ikkje hjartet ditt også, det ville eg ikkje ha late deg ta tilbake.

Forfattarskapen til franske Marcel Proust (1871–1922) er eit nav i den moderne verdslitteraturen. Hans gigantiske roman På sporet av den tapte tid, som kom ut i 15 bind frå 1913 til 1927, har blitt eit uomgjengeleg referansepunkt for boklesande over heile verda. Augneblinken då hovudpersonen dyppar ein madeleine-kake i teen og blir utsett for det ein kallar eit ufrivillig minne, har i seg sjølv blitt eit ikonisk moment i moderne idéhistorie.

Swanns kjærleik utgjer ein lang digresjon i det store romanverket, men forteljinga står samstundes på eigne bein. Ho er ei av dei mest kjende kjærleikshistoriene i verdslitteraturen, og er ein fin inngang i den store forfattarskapen.

Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, uro, svartsjuke, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne og å elske eit anna menneske.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.352 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Skald

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Swanns kjærleik”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *