Ta først på di eiga maske

Marit O. Kaldhol

kr375.00

6 på lager

SKU: 12546 Kategoriar: ,

Omtale

Med Chile i hjartet.

Romanen følger Rut på reise til Chile i 2017. Endeleg skal ho bli kjent med landet til ungdomskjærasten Luis, som kom til Noreg som flyktning frå militærdiktaturet i Chile i 1980-åra. Samtidig tar minna henne med tilbake i tid, på ei reise gjennom skjelsettande hendingar i chilensk samtidshistorie og til åra dei to hadde saman. Til då det berre var dei to, Rut og Luis, og ho ikkje såg kva politikk hadde med kjærleiken å gjere. Medan Rut prøver å forstå korfor det gjekk som det gjekk, både med Chile og kjærasten, kjem opplevingar frå hennar eigen barndom nærare enn på lenge. Ho hugsar saknet etter ei mor som ikkje evna å vere til stades. Undervegs kjenner ho også ei uro for Rakel, den unge dottera heime, som sender så knappe tekstmeldingar.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.415 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Ta først på di eiga maske”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *