Aasen-sole med ordtak, dame

kr149.00

Solar frå Mongolia i 100 % merinoull med ordtaket «Ein god dag kjem aldri for seint». Solane frå TOVA er eit etisk og miljøvennleg produkt.

9 på lager

SKU: 11536 Kategori:

Omtale

Solane kjem i herre- og damemodell som du klipper til til riktig storleik. Solen til dame passar skostorleikane 36–41, herresolen til storleik 42–47. Denne vara er sole til dame, sole til herre finn du her. Sjå òg Aasen-tøflane frå TOVA. TOVA er ei bedrift som starta med at folk i Mongolia fekk opplæring i toving av ullprodukt. Samarbeid mellom norske og mongolske designarar vart oppretta og resultatet vart vakre ullprodukt av høg kvalitet. Som eit resultat av dette arbeidet har i dag om lag hundre mongolske familiar dette som levebrødet sitt. Bistandsprosjektet har blitt til næringsutvikling og mottakarane har blitt arbeidstakarar. Arbeidarane i Mongolia får gjennom samarbeidet med TOVA skikkeleg løn, regulert arbeidstid og gode arbeidsforhold. Produksjonen til TOVA skjer i byen Darhan i det nordlege Mongolia, mot grensa til Sibir. Solane er laga i 100 % merinoull. Ull er 100 % fornybar og naturleg, og derfor ein av våre mest bærekraftige materialressursar. Ull inneheld lanolin som har sjølvreinsande eigenskapar. Ulla sine eigenskapar gjer at solane held seg friske med luft og kvile. Det er ikkje tilrådd å vaske solane. Vedlikehald: • Fjern støv jamleg ved å slå solane saman • Skit og lause fiber kan børstast vekk med ein stiv børste • Flekkar fjernast med ein fuktig klut med vaskemiddel for ull. Om flekken er feitthaldig, kan oppvaskmiddel brukast. Tørk av såpa

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.045 kg

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Aasen-sole med ordtak, dame”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *