Aasen-tøffel

kr749.00

Tøflar i 100 % merinoull frå Mongolia. Tøflane frå TOVA er eit etisk og miljøvennleg produkt.

SKU: 11535-99 Kategoriar: ,

Omtale

Ivar Aasen hadde truleg ofte på seg tøflar når han sat inne og skreiv. Frå dagboka hans finn vi oppteikningar både om kjøp av tøflar og tøflar på lister han laga over kva han måtte hugse å ta med seg på reise.

Vel ønska storleik i nedtrekksmenyen.

Sjå òg solane frå TOVA med Aasen-ordtak.

TOVA er ei bedrift som starta med at folk i Mongolia fekk opplæring i toving av ullprodukt. Samarbeid mellom norske og mongolske designarar vart oppretta og resultatet vart vakre ullprodukt av høg kvalitet. Som eit resultat av dette arbeidet har i dag om lag hundre mongolske familiar dette som levebrødet sitt. Bistandsprosjektet har blitt til næringsutvikling og mottakarane har blitt arbeidstakarar. Arbeidarane i Mongolia får gjennom samarbeidet med TOVA skikkeleg løn, regulert arbeidstid og gode arbeidsforhold. Produksjonen til TOVA skjer i byen Darhan i det nordlege Mongolia, mot grensa til Sibir.

Tøflane er laga i 100 % merinoull med sole av ekte skinn frå storfe. Ull er 100 % fornybar og naturleg, og derfor ein av våre mest bærekraftige materialressursar.

Ull inneheld lanolin som har sjølvreinsande eigenskapar. Ulla sine eigenskapar gjer at tøflane held seg friske med luft og kvile. Det er ikkje tilrådd å vaske tøflane.
Vedlikehald:
• Fjern støv jamleg ved å slå tøflane saman utandørs
• Tøffelen kan også støvsugast. Skit og lause fiber kan børstast vekk med ein stiv børste
• Flekkar fjernast med ein fuktig klut med vaskemiddel for ull. Om flekken er feitthaldig, kan oppvaskmiddel brukast. Tørk av såpa

Utval frå dagbøker og notat etter Ivar Aasen:

8.7.1864 Stærk Varme. Tilbuning til Reisen. En Jakke, 2 dl. Et Par Tøfler, 1 dl. En Skjorte, 1 dl, 108. Banekort, 28 s. Indlagt nogle Papirer hos Berner. Vexlet ti Daler hos Petersen.

Til Medtag paa Reise [1866]
[1., 2.] 3. Ellers: Regnkappe, Kjole, Tøfler?, Røghue, Stav. – Brystsukker, Barbeertøi, Stoppenaal med Uldtraad.
14.6.1871 Et Par Tøfler 1 dl, 60.
6.8.1877 Hos Hansens Folk. Til Hr. Holm 17 dl (før 5). Kjøbt et Par Tøfler.

Tilleggsinformasjon

Vekt I/T
Storleik

, , , , , , , , , , ,

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Aasen-tøffel”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *