Det uferdige huset

Lars Amund Vaage

kr200.00

1 på lager

SKU: 12885 Kategoriar: ,

Omtale

NOMINERT TIL NORDISK RÃ…DS LITTERATURPRIS 2021

Terningkast 5 Dagbladet
Terningkast 5 Stavanger Aftenblad
Terningkast 5 Bergens Tidende

“Historisk, tidsaktuell og gripande roman”
MARTA NORHEIM, NRK BOK

Den aprildagen i 1889 då Gabriel Hallvardsson kjem til verda, er ein svart dag i Hauge-gardens historie. Gabriel skal veksa opp på denne staden ved fjorden som folk fer bort frå, og der det med tida ikkje er andre enn bestemor og den tenksame onkel Helge igjen til å halda oppsyn med ungar og dyr, hus og marker.

«Alle endrar seg, også dei døde», tenkjer Gabriel, og han finn trøyst i orda. Ord og setningar har eit lag med å koma til han, ubedne. Helge kan sjå at Gabriel har særskilde evner, og skaffar han plass på folkehøgskule. Her skal Gabriels nye liv ta til og kreftene i han frigjerast, slik Noreg òg skal finna sin veg i brytningstida like etter unionsoppløysinga. Får Gabriel Hauge det rommet han treng for å arbeida med
sine mørke, eksistensielle dikt i ei norskdomsrørsle som krev at diktaren skal oppmuntra, gleda og vera med og byggja landet? Og kva skal det bli til med garden når også dei gamle fer, kven skal skjøtta jorda då, kven skal hogga i skogen, og kven skal ro etter dokter når det trengst?

Med utgangspunkt i lagnaden til farfaren, Ragnvald Vaage, fødd på Husnes i Kvinnherad i 1889, har Lars Amund Vaage skrive fram eit gripande portrett av ein ung heimstaddiktar i spenn mellom tradisjon og modernitet, pliktkjensle og kunstnarkall. Det uferdige huset er ein roman om å dikta frå ein fåmælt og jordbunden stad der dikting ikkje har nokon plass, og uttrykka seg på eit nytt språk i eit nytt land som famlar etter ein eigen identitet

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.265 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Det uferdige huset”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *