Felâtun bey og Râkim efendi

Ahmet Mithat

kr244.00

2 på lager

SKU: 12560 Kategoriar: , Tag:

Omtale

Kvinna som klemde han, var kokka, og
no forstod de vel kva som hende med majonesen?

Felâtun bey og Râkım efendi (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt.

For å balansere impulsane frå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. Motspelaren Râkım efendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral.

Stilistisk kombinerer Ahmet Mithat impulsar frå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret. Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesaren eit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet.

Boka kjem ut i serien SKALDs klassikarar – ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.265 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Felâtun bey og Râkim efendi”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *