Stormfulle høgder

Emily Brönte

kr262.00

2 på lager

SKU: 12516 Kategoriar: , Tag:

Omtale

Å bli hata av han er trass alt å føretrekke
framfor å bli elska av han.

Stormfulle høgder (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av Emily Brontë. Verket vart gitt ut under pseudonymet Ellis Bell. Først etter Brontës død i 1848, vart boka publisert under hennar eige namn.

Romanen vert sett på som eit av dei største verka i verdslitteraturen. Den mørke og dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda, om Catherine og den vondsinna protagonisten Heathcliff, sjokkerte i samtida. Ikkje minst fordi Brontë i romanen braut med litterære og moralske normer. Etter kvart har verket blitt rekna blant dei ypparste frå 1800-talslitteraturen, og karakterane Brontë skapte har i all sin mørke villskap fascinert lesarane fram til i dag. Den mytiske statusen til Stormfulle høgder har vakse med tallause filmatiseringar og andre omarbeidingar. I dag er historia ikkje minst kjend frå Kate Bush’ song Wuthering Heights.
Romanen er omsett til nynorsk av Øystein Vidnes og Ragnar Hovland. At det er nettopp den uhøvla utkantskildraren Ragnar Hovland som omset skildringa av dei «vondskapsfulle» og «uhøvla barbarane» (som kritikarane kalte dei) frå den engelske landsbygda, gir denne nyomsetjinga ein ekstra dimensjon.
Boka kjem ut i serien SKALDs klassikarar – ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.400 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Stormfulle høgder”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *