Fogderifylket Møre og Romsdal

kr420.00

40 på lager

SKU: 13346 Kategori:

Omtale

Møre og Romsdal, som ofte blir omtalt som eit fogderifylke, har vore kjenneteikna av ei rekke langvarige og utfordrande konfliktar mellom dei tre tidlegare fogderia Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Mange har vist til interne kulturelle, administrative og økonomiske interessekonfliktar mellom fogderia i fylket gjennom fleire hundre år. Media, politikarar og andre samfunnsaktørar har hevda at den såkalla fogderistriden framleis gjer seg gjeldande også i våre dagar.

Målet med denne boka er å undersøke identitetar, kultur, konfliktar og samarbeid i Møre og Romsdal, som ligg som eit kulturgeografisk grenseland mellom Vestlandet, Austlandet og Trøndelag. I kva grad er dei historiske skiljelinene og konfliktane samtidsaktuelle faktorar?

Boka er basert på eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Nordmøre museum, Viti og Nynorsk kultursentrum. Forfattarane arbeider ved dei nemnde musea.

Redaktør Mads Langnes (dr.philos.) er førstekonservator ved Romsdalsmuseet. Han er også ansvarleg for fellestenesta for forsking for musea i Møre og Romsdal, redaktør for årboka til Romsdalsmuseet og har tidlegare gitt ut ei rekke bøker og artiklar om agrarhistorie, rettshistorie, administrasjonshistorie og kulturhistorie.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.642 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Fogderifylket Møre og Romsdal”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *