Sal!

Øl og brygg i bygd og by (Arne Hjeltnes)

kr393.00

2 på lager

SKU: 12199 Kategori:

Omtale

Øl og brygg i bygd og by er ei bok å verta tyrst av, og du kjem til å møta ei gjeng du vil verta imponert over. Boka fortel òg korleis du kan laga ditt eige øl.

Arne Hjeltnes reiser Noreg rundt for å forstå meir av den norske ølrevolusjonen. På nokre få år har det dukka opp hundrevis av mikrobryggeri her i landet. Arne er innom 15–20 bryggeri i bygd og by for å treffa folka bak ølet. Boka tar for seg mange artige ølsortar, men det er dei fargerike bryggarane som er hovudpersonane i boka. Dei er entusiastar som har satsa mykje, av og til alt, i trua på sitt eige brygg. Det er slike folk som har skapt den norske ølrevolusjonen. Gode galningar med idear, folk som skapar noko.

Du vil finne mykje godt øl i denne boka om gründarskap og entusiasme. Øl og brygg i bygd og by er ei bok å verta tyrst av, og du kjem til å møta ei gjeng du vil verta imponert over. Boka fortel òg korleis du kan laga ditt eige øl.

Om forfattaren

Arne Hjeltnes har skrive 20 bøker. Han har vore engasjert i lokal mat både i bokform og i tv-seriar. Denne boka om norske ølbryggarar føyer seg inn i rekka av hans engasjement for det som gror av mat- og drikkekultur i bygd og by.

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.120 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Øl og brygg i bygd og by (Arne Hjeltnes)”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *