Granatepla i Kandahar

Sarah Maguire

kr88.00

1 på lager

SKU: 3624 Kategoriar: ,

Omtale

Sarah Maguire vart fødd i Vest London i 1957 og er ein av dei leiande London-baserte poetane i dag. Ho trur på den “ureine” poesien, på at poesien skal bruka alle menneskelege røynsler og vilkår som råstoff. Ho blandar gjerne personlege kvardagsopplevingar med store politiske hendingar i dikta sine.

Sarah Maguire har bakgrunn både frå praktisk arbeid som gartnar, og frå universitetsstudium. Ho har hatt jamnlege kunstprogram i BBC radio, og var den første poeten som vart sendt av British Council til Palestina i 1996 og til Yemen i 1998. “Å omsetja poesi er det motsette av krig,” er ein av Maguire sine fyndige formuleringar. I 2004 starta ho The Poetry Translation Centre i London, med stor tru på at poesien kan utfordra rommet som skaper avstand.

Boka “Granatepla i Kandahar” er den siste diktsamlinga hennar til no. Dikta spenner frå slambåtar på Themsen til granateple i Kandahar, frå tulipantreet som lærer å gulna i hagen, til grushaugane i Ramallah, frå dikt om kjærleik og erotikk til svoveltønner ved Daudehavet.

Sarah Maguire skriv i tillit til at språket i seg sjølv kan skapa ein røyndom, ikkje at det berre er eit middel til å oppnå noko anna.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.200 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Granatepla i Kandahar”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *