Island

Ottar Fyllingsnes

kr437.00

1 på lager

Omtale

Mange meiner at Noreg er det vakraste landet i verda – hadde det ikkje vore for Island. Uansett kva årstid du vel å reise til Island, kan du oppleve den stadig skiftande og bergtakande naturen; frå dei nådelause kvite vinterstormane til den milde våren der lupinane dekkjer landet som ein blå brann.

Ottar Fyllingsnes tek deg med på ei islandsreise frå sagatida og fram til dagens internasjonale Reykjavík. Øya vrimlar av forteljingar om dramatiske vulkanutbrot, norsk kvalfangst og sildefiske, brutale vikingar og alvekviskrarar.

Ved sidan av den magiske naturen, er Island kåra til det mest likestilte landet i verda for elleve år på rad og er eitt av dei tryggaste landa å reise til som turist. Frå det trolske landskapet med eksotiske vulkanar og dampande sletter har det vakse fram ei kulturell stormakt, og islendingane har produsert noko av den vakraste musikken og litteraturen vi kjenner til.

Fyllingsnes skriv fram eit fascinerande og varmt portrett av Island og islendingen, og vi kjem under huda på sider ved det islandske samfunnet som ikkje kjem fram i tradisjonelle reiseguidar. Saman med dei slåande fotografia til Harald Hognerud blir boka ein mangfaldig kulturhistorisk vegvisar til eventyrøya.

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.100 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Island”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *