Pelikan her, pelikan der

Leonard Weisgard

kr218.00

1 på lager

SKU: 13218 Kategoriar: ,

Omtale

To pelikanar lever eit roleg liv på Pelikanøya rett utanfor Floridas kyst. Dei lever pelikanliv og gjer pelikanting. Ein dag blæs det opp til ein forferdeleg storm. Den eine pelikanen blir teken av vinden og endar opp langt mot nord der pelikanar ikkje kan leve.

På vegen sørover igjen har han det så travelt at han ikkje legg merke til alle dei spennande stadene han passerer. Men det gjer nok dei små lesarane der ute.

Leonard Weisgard har med sin tidlause strek skapt ein barnebokklassikar som i mange tiår har hatt ein plass i amerikanske hjarte og som stadig fascinerer nye generasjonar barn.

Den varme forteljinga kombinerer Weisgard med bilete som vrimlar av ting barn kan oppdage og snakke med den vaksne lesaren om. Boka opnar opp for samtaler om kulturforskjellar, klimaendringar, dyreliv og om det å bli kjent med andre menneske i verda.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.500 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Pelikan her, pelikan der”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *