Sukkerskrubb – Blomsten og Bia

kr210.00

1 på lager

SKU: 12965 Kategori:

Omtale

Denne er for deg med sensitiv hud, men som likevel vil unne deg ein skrubb. Her har eg kombinert remediar, som har alle har eminente og veldokumenterte hud lækjande og betennelse hemmande eigenskapar. Finmala havregryn, kamilleblomst, løvetann og ringblomst saman med honning og dei eteriske oljane kamille og mandarin gjer denne skrubben mild og skånsam for alle hudtypar.

Det er luksus å nytte ein sukkerskrubb. Kanskje er det ein overdriven luksus, fordi er langt frå å vere eit livsnødvendig remedie. Men av og til må ein unne seg det vesle ekstra. Det gode med Blomsten og Bia sine sukkerskrubbar, er at dei ikkje inneheld verken mikroplast, konserveringsmiddel eller vatn. Det dei til gjengjeld inneheld er økologisk sukker, økologiske oljar og urter, og ein emulgator. Emulgatoren gjer at oljane blandar seg med vatnet i badet/dusjen medan du masserer produktet på huda, og det dannar seg rett og slett lotion. Det er jo litt magisk. Dermed vert huda mjuk og god, og ikkje klissete av overskotsolje. Badegolvet vert heller ikkje glatt, då oljerestane vaskar ut med vatnet.

Nettovekt 180 gram.

Produsert av Blomsten og Bia Såpekokeri.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.200 kg

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Sukkerskrubb – Blomsten og Bia”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *