Sukkerskrubb – Lavendel adzuki

kr210.00

Tomt

SKU: 12964 Kategori:

Omtale

Lavendel er ein av dei mest anvendelege hud remediane vi har. Lavendel avhjelp stress og nervøse spenningar, er betennelse hemmande og svakt smertestillande i tillegg til at den kan nyttast mot dei fleste hudproblem. I denne skrubben har eg kombinert eterisk olje av lavendel, finmala lavendel blome og finmala adzukibønner. Adzukibønner er blitt nytta i japansk hudpleie i århundrede, og inneheld saponin, ein naturleg skum gjevar, som reinsar porar ved å fjerne døde hudceller og drar ut bakteriar. Ein skrubb, som ganske enkelt kan gje deg ei reinar og sunnare hud, heilt utan fiksfakseri.

Det er luksus å nytte ein sukkerskrubb. Kanskje er det ein overdriven luksus, fordi er langt frå å vere eit livsnødvendig remedie. Men av og til må ein unne seg det vesle ekstra. Det gode med Blomsten og Bia sine sukkerskrubbar, er at dei ikkje inneheld verken mikroplast, konserveringsmiddel eller vatn. Det dei til gjengjeld inneheld er økologisk sukker, økologiske oljar og urter, og ein emulgator. Emulgatoren gjer at oljane blandar seg med vatnet i badet/dusjen medan du masserer produktet på huda, og det dannar seg rett og slett lotion. Det er jo litt magisk. Dermed vert huda mjuk og god, og ikkje klissete av overskotsolje. Badegolvet vert heller ikkje glatt, då oljerestane vaskar ut med vatnet.

Nettovekt 180 gram.

Produsert av Blomsten og Bia Såpekokeri.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.200 kg

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Sukkerskrubb – Lavendel adzuki”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *