Sukkerskrubb – Mojito

kr210.00

1 på lager

SKU: 12962 Kategori:

Omtale

Ein skrubb, med duft frå dei eteriske oljane peppermynte, grøn mynte og lime fører tankane mot ein sval og forfriskande mojito. Og dette er ein skrubb, samansett av urter og eteriske oljar, som verkar forfriskande, avkjølande og fremmar blodsirkulasjonen. Auka blodsirkulasjon vil igjen gje ei kjensle av varme og velvære. I tillegg har eg tilsett finmale peppermynte blad og spirulina, som gjev ekstra hudpleiande eigenskapar.

Det er luksus å nytte ein sukkerskrubb. Kanskje er det ein overdriven luksus, fordi er langt frå å vere eit livsnødvendig remedie. Men av og til må ein unne seg det vesle ekstra. Det gode med Blomsten og Bia sine sukkerskrubbar, er at dei ikkje inneheld verken mikroplast, konserveringsmiddel eller vatn. Det dei til gjengjeld inneheld er økologisk sukker, økologiske oljar og urter, og ein emulgator. Emulgatoren gjer at oljane blandar seg med vatnet i badet/dusjen medan du masserer produktet på huda, og det dannar seg rett og slett lotion. Det er jo litt magisk. Dermed vert huda mjuk og god, og ikkje klissete av overskotsolje. Badegolvet vert heller ikkje glatt, då oljerestane vaskar ut med vatnet.

Nettovekt 180 gram.

Produsert av Blomsten og Bia Såpekokeri.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.200 kg

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Sukkerskrubb – Mojito”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *