Sukkerskrubb – Kakao vanilje

kr210.00

3 på lager

SKU: 12966 Kategori:

Omtale

Denne skrubben duftar som sjokoladekake, og inneheld litt av dei same ingrediensane. Kakaopulver, vaniljepulver og ekte vaniljeekstrakt er nokre av ingrediensane, som heilt enkelt gjev ei luksuriøs oppleving i badet. Kakao er kjent for eit høgt innhald av antioksidantar, og har ei duft som opnar opp alle sansar. Dette er skrubben for alle som treng litt nærande hudpleie og som treng å ta ekstra godt vare på seg sjølv.

Det er luksus å nytte ein sukkerskrubb. Kanskje er det ein overdriven luksus, fordi er langt frå å vere eit livsnødvendig remedie. Men av og til må ein unne seg det vesle ekstra. Det gode med Blomsten og Bia sine sukkerskrubbar, er at dei ikkje inneheld verken mikroplast, konserveringsmiddel eller vatn. Det dei til gjengjeld inneheld er økologisk sukker, økologiske oljar og urter, og ein emulgator. Emulgatoren gjer at oljane blandar seg med vatnet i badet/dusjen medan du masserer produktet på huda, og det dannar seg rett og slett lotion. Det er jo litt magisk. Dermed vert huda mjuk og god, og ikkje klissete av overskotsolje. Badegolvet vert heller ikkje glatt, då oljerestane vaskar ut med vatnet.

Nettovekt 180 gram.

Produsert av Blomsten og Bia Såpekokeri.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.200 kg

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Sukkerskrubb – Kakao vanilje”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *